Sognatun - midt i Sogndal

Me har i samarbeide med Kleiven Sogn og Arkitektkontoret 4B utvikla eit kvalitetsbygg med 56 leilegheiter med ulik storleik og utforming:

  • 2 stk studioleilegheiter med BRA 31,5 m2

  • 12 stk 2-roms leilegheiter med BRA 36,5 - 36,8 m2

  • 34 stk 3-roms leilegheiter med BRA 65,9 - 96,8 m2

  • 8 stk 4-roms leilegheiter med BRA 96 - 139,6 m2

I framkant av bygget vert det ein universelt utforma, frodig og grøn park, som bind saman Sentrumparken og Fjordstien.

Arkitekturen hentar sin inspirasjon frå bygningane i Fjøra, med  ein variert farge- og materialbruk med tre, puss og skiferheller. Fasadene har ei inndeling som passar inn i skalaen til dei andre bygningane i området.

Leilegheiter med vannboren varme

Alle leilegheitene har vannboren golvvarme.

Du får og din eigen lune, private balkong.  Me har vektlagt ein varm farge- og materialbruk og at leiligheitene skal vere enkle å møblere.

For dei største leiligheitene er opphaldsrom og soverom organisert i to soner. 

Solrike uteområde

Sognatun vert ei grønt bumiljø med felles uteplassar på bakkeplan og på taket.

Gardsrommet er solrikt og har eit grønt preg med koselege sitjeplassar, og med leikemuligheiter for store og små.

Felles takterrasse med gjesteleilegheit

På taket er det ein solrik, felles takterrasse med opphaldsrom og kjøkenkrok.

Her kan bursdagar og godt naboskap feirast.

Takterrassen består av to område delt av gangen til leilegheitene. Den er stor nok til at fleire grupper kan vere der på same tid utan å forstyrre kvarandre, og liten nok til å vere koseleg.

Her på plan 6 er det også ei gjesteleilegheit som ligg like ved heisen, lett tilgjengeleg for alle i bygget. Denne gjesteleilegheita kan alle bebuarane fritt bruke til å ta i mot gjester.

Moderne leilighetsbygg med balkonger og parkeringsplasser foran, omgitt av fjellandskap og blå himmel. Tilstøtende bygninger og mennesker på gaten.

Parkeringskjellar under bygget

Her er nok parkeringsplassar i kjellaren til at alle kan kjøpe seg ein plass, og sykkelparkering både inne og ute. Både parkeringsplassane og køyrevegen er romsleg.

Ta eit fjordbad

Er du morgonfrisk, kan du starte dagen med ein bilfri rusletur dei 100 meterane frå bygget, gjennom undergangen “Grøvla” (ved sida av Frelsesarmeen) og ned til badeplassen og fjordstien.

Salsstart 23. juni kl. 12:00

Finn di leilegheit i bustadveljaren. Har du spørsmål? Kontakt Meklarhuset Sogn. Kjøpstilbod finn du under Dokument.

Kontakt meklar

Jan Rune Årøy

Dagleg leiar, Eigedomsmeklar MNEF
Mobil:
950 44 240
E-post:
jan.rune@meklarhuset.no

Olav Skjeldestad

Eigedomsmeklar MNEF
Mobil:
905 64 525
E-post:
olav@meklarhuset.no